Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Slik skaper du eit (arbeids)liv du vil ha, med Karianne Hartviksen

2. juni kl. 09:0010:00

Føler du at du sit litt fast? At ting ikkje er heilt slik du ønsker, og du ikkje veit kva veg du skal gå vidare?

Det finst konkrete verktøy for å utforske og teste nye moglegheiter, enten du er nysgjerrig på eit karriereskifte, å starte noko eige, eller berre vil leve litt annleis.

I dette foredraget deler Karianne Hartviksen frå eiga erfaring og viser korleis du kan gå frå «stuck» til å aktivt forme framtida di, steg for steg.

 

Karianne Hartviksen er førelesar på BI og tidlegare sal- og marknadsdirektør i startupen Inkrement. Ho arbeider praktisk med gründerar, tilsette og bedrifter, og deler erfaringar om økonomi, karriere og entreprenørskap med 15 000+ følgjarar gjennom sosiale medium og podcasten «klart du kan». 

 

Det blir servert kaffi, vatn og noko å bite i.  

 

Vi gler oss til å sjå akkurat deg bli inspirert av Karianne. 

Velkommen! 

 

Arrangementet kostar 50 kroner.

Hugs å booke deg billett! 

Arrangør

  • Sunnfjord Utvikling

Stad