Hub for Minerals får 5 millionar til berekraftig mineralprosjekt

Hub for Minerals AS får drahjelp til å løfte ei meir berekraftig mineralnæring i Sunnfjord. Tysdag 28. april vedtok fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune å gå inn i ein samarbeidsavtale om klynga, saman med Engebø Rutile and Garnet (Nordic Mining), Askvoll kommune og Sunnfjord kommune. Avtalen utløyser eit tilskot på inntil 5 millionar kroner til eit treårig innovasjonsklyngeprosjekt i perioden 2026–2028.

– Dette handlar om å sjå på alternative måtar å utnytte restmassar frå mineralutvinning på, og det er viktig å kome raskt i gang. Hub for Minerals er eit konkret grep for å følgje opp den felles ambisjonen som vart etablert i 2011 om å utvikle ein meir berekraftig og framtidsretta mineralnæring i Vestland, sa fylkesordførar Jon Askeland i samband med vedtaket.

Sirkulærøkonomi og nye verdikjedar

Midlane skal nyttast til utviklingsarbeid i innovasjonsklynga – ikkje til sjølve mineralutvinninga eller drifta ved Engebø. Prosjektet skal mellom anna sjå på betre utnytting av restmassar frå mineralprosessering, utvikling av nye verdikjedar og sirkulærøkonomi. Støtta blir gitt som tilskot til innovasjonsklynge i samsvar med statsstøtteregelverket.

Forankra heilt tilbake til 2011

Bakgrunnen går tilbake til reguleringsplanen i 2011, då vertskommunane, Nordic Mining og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune sette eit felles mål om at mineralutvinninga ved Engebø skulle vere starten på ei grøn og framtidsretta næring – med effektiv ressursbruk, nye verdikjedar og lokale ringverknader. I desember 2024 starta Nordic Mining, gjennom Engebø Rutile and Garnet, uttak av bergarten eklogitt frå Engebøfjellet for utvinning av rutil og granat.

Hub for Minerals AS er eit selskap under Sunnfjord Utvikling AS, nærings- og reiselivsapparatet til Sunnfjord kommune, og er ein av hubbane i Grøn region Vestland.

Les meir på Fylkeskommunen sine sider