Er du nyleg ferdig med studiet og klar for ein spennande start på arbeidslivet? No lyser vi ut to traineestillingar innan kommunikasjon, begge med forankring i utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane. Stillingane gir høve til å jobbe tett på prosjekt, folk og prosessar som formar regionen vår.
Begge stillingane har oppstart hausten 2026 og er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i Vestland.
Trainee i kommunikasjon og event – Sunnfjord Utvikling
Søknadsfrist: 18. mars 2026
Les meir og søk her:
https://www.framtidsfylket.no/ledige-stillingar/trainee2627-sunnfjordutvikling-kommunikasjon
Som trainee i Sunnfjord Utvikling får du jobbe breitt med kommunikasjon, marknadsføring og arrangement. Du blir ein del av eit fagleg sterkt miljø som jobbar med næringsutvikling, rekruttering, omdømmebygging og regionale samarbeidsprosjekt.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Produksjon av innhald til nettsider og sosiale medium
- Bidrag i marknads- og kampanjearbeid
- Planlegging og gjennomføring av arrangement og møteplassar
- Kommunikasjon knytt til prosjekt i porteføljen vår
Stillinga passar for deg som er kreativ, strukturert og har lyst til å jobbe med kommunikasjon som faktisk blir brukt – og sett.
Trainee i kommunikasjon – Vilje helseklynge
Søknadsfrist: 18. mars 2026
Les meir og søk her:
https://www.framtidsfylket.no/ledige-stillingar/trainee2627-vilje-kommunikasjon
Den andre traineestillinga er knytt til Vilje helseklynge, som er eit strategisk prosjekt i porteføljen til Sunnfjord Utvikling. Vilje helseklynge samlar kommunar, helseverksemder, forskingsmiljø og næringsliv for å utvikle framtidsretta løysingar innan helse og omsorg.
Som kommunikasjonstrainee i Vilje helseklynge får du ansvar for å formidle aktivitet, prosjekt og resultat frå klynga. Du vil jobbe både strategisk og operativt med kommunikasjon.
Arbeidsoppgåver kan vere:
- Innhald til nettside, nyheitsbrev og sosiale medium
- Synleggjering av forsking, innovasjon og samarbeid
- Kommunikasjon knytt til arrangement, møteplassar og prosjekt
- Historieforteljing om helse, teknologi og samfunnsutvikling
Dette er ei stilling for deg som vil jobbe i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, innovasjon og samfunnsutvikling.
Om traineeprogrammet
Begge stillingane er del av Framtidsfylket trainee, eit program som gir:
- Fast jobb i eitt år
- Eige fag- og utviklingsprogram
- Nettverk med andre traineear i Vestland
- Tett oppfølging og bratt læringskurve
Kjenner du nokon som bør søkje – eller er det deg sjølv?
Del gjerne vidare i nettverket ditt.


