Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Mineralkonferansen

9. april10. april

Framtidas mineralnæring – frå geopolitikk til lokal verdiskaping.

Les meir og meld deg på

Årets viktigaste møteplass for å utvikle framtidas mineralnæring

Mineralkonferansen 2026 samlar leiande aktørar frå politikk, industri, forsking og finans til to innhaldsrike dagar i Førde. Temaet er høgaktuelt: Korleis kan Noreg og Norden ta ei leiande rolle i utviklinga av ei moderne og berekraftig mineralnæring?

Bakgrunnen er klar: Verda treng meir mineral, og Noreg har både ressursane og kunnskapen. Men kva skal til for å sikre ansvarleg verdiskaping, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt?

For kommunar som vurderer eller står midt i mineralprosjekt, er dette ein unik arena. Her møter du m.a. kommunetoppane som har stått i frontlinja ved etableringa av Nordic Mining og gruvedrifta på Engebø. Bli med for å lære av deira erfaringar, diskutere kloke vegval og forstå korleis din kommune kan ta ei aktiv rolle i det grøne skiftet – frå geopolitisk strategi til konkret lokal verdiskaping.
Arrangørar: Hub for Minerals i samarbeid med Grøn Region Vestland, Invest in Fjordane, NHO og LO

Les meir og meld deg på

Detaljar

  • Start: 9. april
  • Slutt: 10. april

Stad

  • Scandic Sunnfjord Hotel
  • Førde, 6800