No lyser Sunnfjord Utvikling ut midlar frå Gaularfondet og Jølstra kraftfondet, med ein samla pott på om lag 1,5 millionar kroner. Målet er å stimulere til nye arbeidsplassar, næringsutvikling og sterke lokalsamfunn i Sunnfjord.
Vi ønskjer søknader frå gründarar, etablerte verksemder og initiativ som bidreg til utvikling i lokalsamfunna. Prosjekta kan vere både små og store. Kanskje har du ein idé til ei ny bedrift, ei vidareutvikling av eksisterande næring, eller eit tiltak som skaper aktivitet og verdiskaping i bygda di?
Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Fondsmidlane skal bidra til
• næringsutvikling
• innovasjon
• berekraftig utvikling
• nye arbeidsplassar
• aktivitet og verdiskaping i lokalsamfunn
To fond med ulike geografiske prioriteringar
Jølstra kraftfondet
Fondet skal nyttast til næringsretta tiltak eller aktivitet innan reiseliv, friluftsliv og sport i området til tidlegare Jølster kommune.
Tilgjenglege midlar i Jølstrafondet er 800 000 kr.
Gaularfondet
Gaularfondet skal først og fremst nyttast til næringsføremål, men kan også støtte tiltak som bidreg til utvikling i lokalsamfunnet.
Tilgjenglege midlar i Gaularfondet er 700 000 kr.
Ta kontakt for ein prat
Er du usikker på om ideen din kan passe? Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat før du søkjer.
Du kan kontakte
• Ørjan Stubhaug
• Astrid Marie Vie
Slik søkjer du
Søknad skal sendast elektronisk via regionalforvaltning.no.
Søknadsfrist: 12. april 2026


