Minglelunsj for mediefolk
3. juni kl. 12:00 – 12:50

Det er alltid kjekt å treffe folk som jobbar i same bransje. Dette er ein uformell møteplass der vi kan treffe kvarandre og prate om stort og smått, medan vi fyller magen med ein god lunsj.
Her er det ikkje noko organisert program. Vi legg fram nokre samtalekort på borda, men det er heilt valfritt om du vil bruke dei eller berre la praten gå fritt.
Dette passar for deg som jobbar i medie- og kommunikasjonsbransjen, for deg som jobbar utanfor men er nysgjerrig på feltet, eller for deg som vurderer å gå inn i bransjen.
Inngang: 150 kroner (inkl. mat). Hugs å booke billett i forkant.
Vi gler oss til å sjå deg!