Når spelereglane endrar seg

Velkomen til ei innhaldsrik og tankevekkjande avslutning på året!
Onsdag 16. desember inviterer Sparebanken Norge og Sunnfjord Utvikling til lunsjseminaret «Når spelereglane endrar seg», ei økt for deg som er oppteken av leiarskap og innovasjon i ein større samanheng.
Banknæringa er i brytning, og det same er verda rundt oss. Vi løftar blikket og ser nærare på kva endringane betyr for oss. Jan Erik Kjerpeseth deler perspektiva sine på leiarskap og ein bankbransje i endring. Deretter tek Åsne Seierstad oss tett på Russland og den geopolitiske verkelegheita gjennom boka Ufred: Russland fra innsiden.
Med Rolf Sanne Gundersen som konferansier knyter vi perspektiva saman og inviterer til refleksjon og samtale undervegs.
Arrangementet er gratis, og påmelding finn du her.
Vi håpar å sjå deg der!