Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

FOLKA 2026: Eit arbeidsliv i endring. Arrangementet er utsett. Følg med for oppdateringar

9. september kl. 09:0016:00

Arrangementet er utsett. Følg med for oppdateringar

 

Framtidas arbeidsliv krev at vi tenkjer nytt. Bli med på årets happening for deg som jobbar med rekruttering i Vestland.

Teknologien utviklar seg raskare enn nokon gong, kompetansebehova endrar seg, og konkurransen om arbeidskrafta blir stadig tøffare. For verksemder i Vestland handlar det ikkje lenger berre om å fylle ledige stillingar, men om å sikre rett kompetanse for framtida. Difor er årets tema:

Eit arbeidsliv i endring

Korleis skal vi rekruttere i åra som kjem? Kva kompetanse treng vi eigentleg? Og korleis kan vi tiltrekkje, utvikle og behalde folk, særleg i distrikta? Dette er nokre av spørsmåla vi utforskar på FOLKA 9. september på Skei.

FOLKA er årets møteplass for deg som jobbar med rekruttering, HR, kommunikasjon eller leiing. Her får du innsikt i dei viktigaste trendane, praktiske verktøy du kan ta i bruk med ein gong, og høve til å møte andre som står i dei same utfordringane som deg.

Velkomen til FOLKA – konferansen for deg som skal rekruttere, utvikle og behalde framtidas arbeidskraft i Vestland.

Program

09:00-09:30 Oppmøte og registrering

09:30-09:45: Velkommen ved konferansier Irene Kinunda Afriyie og Linda Hovland, Framtidsfylket.

TEMA: Korleis får vi tak i folk når alt rundt oss endrar seg?

09:45 Etnolog Ida Hult om eit arbeidsliv i endring

10:25 Pause

10:35 Irene: Mangel på mangfold = mangel på folk

10:45 NHO Vestland v/ Sondre Olsen: Kva betyr det for deg at rammevilkåra endrar seg

11:20 Paneldebatt v/Sigrid Førde: Lokale arbeidsgjevarar om endringane i arbeidsmiljølova

11:50 Minglelunsj

TEMA: Vi må rekruttere breiare og utvikle dei folka vi har

12:30 Intro til temaet v/Irene

12:40 Om du skal ha seniorar i morgon, må du tilsette unge i dag

12:55 Kva etter-og vidareutdanning har du i distriktet tilbod om?

V/Øystein Nes i Inviro

13:05 Skråblikk på arbeidsgjevarar i Vestland v/Irene

13:15 PAUSE

13:30 Presentasjon av omdømmeundersøking om Vestland. Kven er gira på Vestland og kva skal til for å få dei til å flytte?

13:45 Tillit er avgjerande i kampen om kandidatar, kundar og kapital. Miniseminar i employer branding v/ Hans-Petter Stub

15:30 Avslutning v/Irene.

Ønsker du å gjere deltakinga til ein 2-dagars studietur? Les meir her.

Påmeldingen stenger onsdag 2. september kl. 20:00

Detaljar