Satsingar
Hub for minerals
Hub for Minerals samlar industri, forsking og forvaltning i eit felles arbeid for å utvikle ei moderne, berekraftig og kunnskapsbasert mineralnæring i Noreg.

Foto: Jostein Vedvik
Smakslandet Sunnfjord
Smakslandet Sunnfjord er ei langsiktig satsing for å styrke verdiskapinga i Sunnfjord gjennom eit tettare og meir målretta samspel mellom landbruk, matkultur og reiseliv. Prosjektet tek utgangspunkt i regionen sine rike naturgjevne føresetnader, levande landbruk og sterke mattradisjonar, og har som mål å utvikle Sunnfjord til ein tydeleg og attraktiv matregion – både for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.

Jølsterdag
Jølsterdag er eit prosjekt som skal bidra til å utvikle Jølster som eit heilskapleg, berekraftig og attraktivt reisemål. Prosjektet tek utgangspunkt i dei særlege natur- og kulturressursane i området, med arva etter Nikolai Astrup som ein sentral identitetsberar og katalysator for vidare utvikling

Foto: Astrid Marie Vie
Fjord Impact Lab
Eit nytt prosjekt som skal vere ein katalysator for grøn og berekraftig utvikling i regionen.


Invest in Fjordane
Dette prosjektet tek utgangspunkt i at kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord har gått saman om eit kartleggings- og analysearbeid for å avdekke og utfordre moglegheiter og barrierar, for å framstå som ein samla og attraktiv aktør for nye større og grøne industrietableringar.


Unge leiarar
Dette prosjektet tek utgangspunkt i at kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord har gått saman om eit kartleggings- og analysearbeid for å avdekke og utfordre moglegheiter og barrierar, for å framstå som ein samla og attraktiv aktør for nye større og grøne industrietableringar.

Foto: Photoevent

Vilje helseklynge
Initiativet til å etablere helseklynga i Sogn og Fjordane kjem som eit svar på det framtidige behovet for kunnskap og nyskaping i helsesektoren. Utvikling av gode, smarte løysingar i møtet mellom helsefag og teknologi er avgjerande for å løyse oppgåvene i framtidas helsesektor. Arbeid utifrå eigne helseklynger har gjeve gode resultat andre stader i landet.

Sunnfjordlaget
Gjennom Sunnfjordlaget samordnar vi kreftene for å løfte fram det beste Sunnfjord har å tilby, i tråd med den felles merkevarestrategien for Sunnfjord-regionen.
Målet er å forsterke og samkøyre kommunikasjonen om regionen, slik at bodskapen blir tydelegare, sterkare og meir treffsikker. Når vi står samla, skapar vi større effekt enn kvar enkelt aktør kan åleine.
Sunnfjordlaget skal bidra til:
- Auka synlegheit – saman skapar vi meir merksemd og gjennomslagskraft
- Styrka omdømme – ein samla og truverdig bodskap byggjer tillit og attraktivitet
- Betre rekruttering – vi gjer det enklare å tiltrekke oss kompetansen næringslivet treng
- Auka bulyst og besøkslyst – ein attraktiv region er bra for både innbyggarar og verksemder
- Felles identitet – vi byggjer stoltheit, samhald og ei sterkare kjensle av å høyre til
- Sunnfjordlaget handlar om å spele kvarandre gode, og om å ta felles ansvar for å vise fram Sunnfjord slik regionen fortener.

Foto: Førdefestivalen

Foto: Photoevent