Norwegian Travel Workshop (NTW) er den viktigaste møteplassen for norsk reiseliv og blir arrangert i Bergen 24. – 27. april 2017. Kvart år kjem over 300 utanlandske turoperatørar til NTW for å kjøpe norske reiselivsprodukt. I løpet av tre hektiske dagar vil cirka 8000 forhandlingsmøte mellom norske reiselivsaktørar og utanlandske turoperatørar og agentar bli gjennomført.

skjermbilde-2016-12-19-kl-13-15-40