Entries by julie

Har du lyst å vere med å utvikle Sunnfjord?

Sunnfjord Utvikling AS har ei ledig stilling som rådgjevar frå 1. august 2019. Vår jobb er å bidra til ei positiv utvikling av Sunnfjord. Ikkje åleine, men i lag med innbyggjarane, næringslivet og dei tilsette i kommunane Jølster, Naustdal, Førde og Gaular. (Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020). Vi er fem tilsette i selskapet vårt […]

Presentasjonar etter toppmøte, fredag 29. Mars

Under finn de presentasjonar frå toppmøte der ordførarkandidatane møtte næringslivet, fredag 29. Mars: Næringsanalyse, Jan Flølo, PwC Sunnfjord kommune i nye Vestland, Rolf Sanne-Gundersen, Sunnfjord Utvikling  

Næringsdagane 7. – 8. Mai

Næringsdagane blir arrangert 7.-8. Mai på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.   Program:   Tysdag 7. mai – SAMFUNNSPERSPEKTIV Konferansier: Roy Stian Farsund 10.00 Musikkinnslag 10.05 Velkommen til Næringsdagane 2019 Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur GLOBALE TRENDAR/UTFORDRINGAR/DRIVARAR 10.20 NHOs perspektivmelding Arvid Moss, NHO-president 10.40 Internasjonal handel og konkurranseposisjonen til norsk næringsliv Torbjørn Røe […]

No kan du lese strategisk næringsplan og seie di meining

Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2019-2022 er no lagt ut på høyring. Frist for innspel er 1. april 2019. Deretter skal planen behandlast i fire kommunestyrer. Trykk på følgande lenker for å komme til planen: Strategisk Næringsplan Handlingsplan Vedlagt lenker til kommunane sine nettsider, om du ønskjer lese meir om behandlinga i forbindelse med utlegging […]

Ope møte om ny reiselivsstrategi for Sunnfjord, 1. April

Sunnfjord Utvikling AS skal utarbeide ny reiselivsstrategi for Sunnfjord. I arbeidet med den nye strategien ønskjer vi innspel frå reiselivsnæringa i Sunnfjord. Vi inviterer derfor til ope møte på Thon Hotel Førde den 1. april. Program: 1. Innleiing – Prosess og eigarskap til Strategien 2. Presentasjon av hovudpunkt i reiselivsstrategi for Sunnfjord 3. Diskusjon, innspel […]

Nettverkssamling med Maritim Forening, 2. og 3. April

Maritim Forening inviterer til nettverkssamling og byr på eit variert og innhaldsrikt program. Vi gler oss ekstra mykje over at Teknisk Ukeblad skal spele inn sin podcast “Teknisk sett” frå scena ! Nytt av denne gang er at Forum for grøn energi får ansvar for ein bolk i programmet (dag 2) med fokus på “berekraftig business”. Ved […]

Gratis kurs for nye næringsdrivande

Skatteetaten arrangerer kurs for nye næringsdrivande. Kursa er gratis, og varer omtrent 4 timar. I utgangspunktet er det for nye næringsdrivande, men det er ope også for andre (både folk som vurderer å starte opp og dei som har dreve ei stund). Kursa er delt opp i både ENK og AS, sjølv om det så klart […]