Sunnfjord Utvikling AS har ei ledig stilling som rådgjevar frå 1. august 2019.

Vår jobb er å bidra til ei positiv utvikling av Sunnfjord. Ikkje åleine, men i lag med innbyggjarane, næringslivet og dei tilsette i kommunane Jølster, Naustdal, Førde og Gaular. (Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020).

Vi er fem tilsette i selskapet vårt og vi treng deg som er samfunnsengasjert, sjølvstendig og har lyst til å jobbe med mange ulike oppgåver. Blir du tilsett får du hovudansvaret for førstelinjetenesta. Det vil seie oppfølginga av nye etablerarar. Økonomiforståing er nyttig. Det same er erfaring frå prosjektarbeid og/eller saksbehandling. Men det viktigaste er at du vil noko.

Meir informasjon om Sunnfjord Utvikling finn du på heimesida.

Ring dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen på 970 55 208 dersom du vil vite meir om kvalifikasjonar, arbeidsoppgåver og det du elles er nysgjerrig på. Men ikkje vent for lenge, søknadsfristen er 26. mai.

Send ein kortfatta søknad med CV på e-post til rolf@sunnfjord.no

 

Stillingsannonse mai 2019