,

Ny styreleiar i Sunnfjord Utvikling AS

John Helge Lunde er ny styreleiar i Sunnfjord Utvikling AS. Lunde har dei siste åra vore styremedlem i selskapet, men vart på sist generalforsamling valt til ny styreleiar etter Mathias Råheim. Sistnemnte er no nestleiar i styret.

Lunde har ein brei bakgrunn frå næringslivet i Sunnfjord, i fylket og på landsplan. Han var mangeårig sjef og partnar for PwC i Sogn og Fjordane, er no styreleiar i Gravdalgruppa og har fleire andre styreverv.

Styret i Sunnfjord Utvikling AS i dag: John Helge Lunde (styreleiar), Mathias Råheim (nestleiar), Geir Opseth, Sissel Bruland Gurvin, Olve Grotle, Håkon Myrvang og Oddmund Klakegg.