Innovasjon Norge si satsing på kulturnæringar gir deg sjansen til å delta på eit program som er skreddersydd for at DU skal kunne bygge ei lønnsam bedrift av din kreative kompetanse.

Programmet er sentralt i Innovasjon Norges satsing på kulturnæringar og har vore gjennomført meir enn 25 gonger for over 300 deltakarar.

 

Kven passar kurset for?

Bygg bedrift passar for deg som vil leve av kulturprosjektet ditt.
 Om du er i oppstartfasen eller om du har dreve ei stund, og vil bli mer lønnsam.

 

Korleis skape du ei levedyktig bedrift?

Målet er at du lærer korleis du finn og utvikler eit marked for kulturprosjektet ditt, og korleis du arbeider i kvardagen for å skape ei solid og lønnsam bedrift.

Du får arbeide med å utvikle forretningsidéen og forretningsmodellen din, og om korleis du kan involvere kundane i arbeidet med å forbetre produkta dine. Du får også arbeide med korleis du kan styre mål og oppgåver i prosjektet ditt.

 

Når og kor?

Samling 1: Onsdag 25. og torsdag 26. oktober
Samling 2: Onsdag 22. og torsdag 23. november
Dag 1 fra kl 12-18 og dag 2 fra 9-13.
Stad: Samling 1 blir på Gloppen Hotel i Sandane, Nordfjord og samling 2 blir på Kviknes Hotel i Balestrand.

For ein eigenandel på kun kroner 1550.- * (inkl mva), får du:
– 2 overnattinga
– hjelp til å skape vekst i di kulturbedrift
– 2 samlingar, fra lunsj til lunsj
– utvida nettverk / sparring med andre
– arbeidsverktøy for kulturentreprenørar
– boka «Lean Business Planning»,
– lunsj og nettverksmiddag, og
– du får moglegheit til å delta i ei mentorordning for kulturbedrifter.
* Kostnad til reise kjem i tillegg. Overnatting er inkludert.

Les mer om programmet.