Førdefestivalen 2017

Festivalen er den største festivalen for akustisk folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Førdefestivalen vert alltid arrangert i veke 27 – datoane for 2017 er 5.-9. juli. Temaet i år er «Klangen av Norden». Festivalen har omlag 300 artistar frå heile verda som vert presentert frå 30 scener, gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, for omlag 26.000 besøkande kvart år.