Jølster 365 starta opp som eit klyngeprosjekt hausten 2013, der SNU og PwC samla 11 aktivitetstilbydarar og overnattingsbedrifter i Nedre Jølster for å sjå på muligheten for å få samla desse bedriftene i området. Etter litt over 1 år med jobbing for å få alle bedriftene gjennom eit SMB program i regi av SNU og kartlegging av korleis dette nettverket skulle sjå ut og kva ein skulle jobbe mot, sat ein igjen med 9 av 11 bedrifter som ønska å gå vidare og starte eit AS saman.
Desember 2015 vart Jølster 365 AS etablert, alle 9 bedriftene kjøpte seg inn som aksjonær i Jølster 365, SNU og PwC trakk seg då ut av prosjektet og Innovasjon Norge kom inn. Jølster 365 vart ein del av Innovasjon Norge si satsing på nettverksbygging og gjennomførte eit forprosjekt som vart delfinansiert av dei, deretter gjekk ein vidare inn i eit hovudprosjekt.
Same forprosjektet vart gjennomført i øvre del av Jølster og då øvre del av Jølster var ferdige med sitt forprosjekt samla alle bedriftene seg i selskapet Jølster 365 AS.
Selskapet består i dag av 16 bedrifter etablerte rundt omkring i heile Jølster og dekkar alt frå overnatting, utleige, mat/restaurant, kunst, aktivitetar og kurs.

Jølster 365 har som formål å:

  • Samle alle aktørane i Jølster som jobbar med reiseliv og aktivitetar på ein plass i den digitale verden, gjere alle desse tilbydarane så tilgjengelige som mulige gjennom eit godt bookingsystem og på den måten vil det bli enkelt for lokale og gjester å orientere seg i og om Jølster i tillegg til å handle det vi har å tilby av overnatting og aktivitetar 24/7.
  • Tilgjengeligere og synligjøre aktivitetar og kva vi har å tilby i Jølster gjennom gode bilder, filmar og godt samansatte pakkar som vi kan selge til enkeltpersonar, grupper og bedrifter.
  • Ta vertskapsrolla for Jølster eit hakk vidare, skape eit eige vertskapskurs for Jølster
  • Skape aktivitet og turisme heile året i Jølster – derav namnet Jølster 365.

Foto: Torje Bjellaas