Etablerarkurs er for deg som treng kompetanse og rådgjeving i samband med utvikling av eigen forretningside, eller bare er nysgjerrig.
Etablerakurset byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Kurset går utanfor vanleg arbeidstid og er gratis.

Kurset blir arrangert fleire stader i fylket, neste kurs er på Nordfjord Hotel på Eid.
Oppstart: 7.september 2017

Samling 1: 7.9.2017 kl. 17-21

Samling 2: 14.9.2017 kl. 17-21

Samling 3: frå 29.9.2017 kl. 16-21 til 30.9.2017 kl. 8-11